Nyheter

Id
141
Sort
63
ItemInstanceType
(not specified)
Dato
05.11.2019
Forfatter
Hans Andenæs
Kategori
cat-2
Vis som toppsak
(not specified)
Vis video?
(not specified)
Vis tilleggsvideo?
(not specified)
Overskrift
Med mørketida kjem nordlyset og bluesfestivalen til Svalbard
Ingress

Kvart år i 17 år har Longyearbyen Bluesklubb arrangert Dark Season Blues i helga nærast den 26. oktober. Det er denne datoen sola går under horisonten og mørketida startar. Det er likevel lyst fleire timar midt på dagen, men lyset er prega av ein blå farge som gjer terrenget om muleg endå meir imponerande. Verdens nordlegaste bluesklubb har funne eit perfekt tidspunkt for ein festival med blå musikk. Blant årets artister var brasilianske Igor Prado & Just Groove (bildet).

Tekst

Dei over 30 konsertane går føre seg på til saman 11 forskjellege scener. På pubar og kafear, i kyrkja, i Gruve 3, på kulturhuset og ikkje minst på «Huset» oppe i dalen med sine to scener på laurdagskvelden.
Det er rett og slett imponerande kor mykje god og variert musikk det er å høyre desse dagane. Frå store internasjonale kjente artistar som Earl Thomas og Danielle Nicole, via nye namn for det norske publikum som Trez Gregory frå Ohio i USA og Igor Prado & Just Groove frå Brasil, til ei rekke norske artistar.
Frå festivalen starta med jammen seint onsdag kveld på klubben Svalbar var stemninga satt, og det blei ein festival med høgdepunkt etter høgdepunkt fram til det heile vart avslutta med fullt hus på Kroa søndag kveld. 

Monster Mike Welch, Danielle Nicole og medmusikanter. (Foto: Hans Andenæs).

Earl Thomas og Trez Gregory på kirkekonserten søndag. (Foto: Hans Andenæs).

Earl Thomas gjorde fleire konsertar saman med det brasilianske bandet Igor Prado & Just Groove, mellom anna i kyrkja på søndag ettermiddag der også Trez Gregory frå Ohio deltok. På denne konserten fekk publikum ei reise gjennom bluesmusikken si historie og med to fantastiske vokalistar. Igor Prado og bandet hans viste seg og fram med soloar og innslag, og publikum kvitterte med ståande applaus fleire gonger, så det blei fleire ekstranummer.
Det var mange både blant publikum og andre artistar som var svært imponerte over det brasilianske bandet. Dei heldt også ein morosam og underholdande flott konsert for skulen i Longyearbyen under festivalen.

Humørspredaren Frode Alnæs skapte og stor stemning blant publikum med sin konsert på Svalbar torsdag kveld og fredag på dagtid. Ispedd mange gode historier spelte han både eigne låtar og Dance With A Stranger-låtar. Han har vore på Svalbard fleire gonger tidlegare i si karriere og har til og med helde konsert i Barentsburg (bildet under).

Det kan virke både rart og spesielt å reise heilt til Longyearbyen og Svalbard for å få med seg ein bluesfestival. Men kvifor ikkje? Det tar ca. tre timar å reise frå Oslo til Longyearbyen med fly, og kostnaden er ikkje avskrekkande. I år kunne ein få flybillettar til under 2000,- kr. tur/retur. Det er overnatting i fleire forskjellige prisklassar, og sidan Svalbard har mykje lågare avgifter enn fastlandet er prisane på mange ting svært rimelege. 
For mange er det og ei god anledning til å besøke dette spesielle området, og ein bør legge inn i planen tid til å sjå seg litt rundt når ein først reiser hit. Skal ein ut om byområdet på eiga hand må ein ha med våpen til vern mot isbjørn, men det er mange fine organiserte turar der ein slepp å tenke på dette. 

Artistane som var der for første gong var alle svært imponerte over både historie, levesettet og naturen på Svalbard. Artisten Sari Schorr, som er oppvaksen og busett i New York, sa at dette var ei oppleving som kom til å endre livet hennar. Det var ei heilt anna verd enn det ho var vant med frå heimbyen New York. Turen til Dark Season Blues var inspirerande og ho skulle ønske ho kunne ha vore der mykje lenger.  

Buddy Whittington og Sari Schorr på shopping i Longyearbyen. (Foto: Hans Andenæs).

Både publikum og artistar skryter av Longyearbyen Bluesklubb som arrangør og meiner det er ein heilt spesiell festival med sine mange konsertar på små scener. Dersom ein vil ha med seg ein festival og ei oppleving utanom det vanlege er Dark Season Blues eit godt alternativ.

McDowells Bakgård på GruveBlues i Gruve 3 laurdag ettermiddag. (Foto: Hans Andenæs).

Ingressbilde
(not specified)
Hovedbilde
/Files/Images/festivaler/festivaler19/igorprado_DSB.jpg
Bildetekst
Det var ein stor overgang å kome frå tropisk klima til Svalbard for det brasilianske bandet Igor Prado & Just Groove.
Bildekreditering
Hans Andenæs
Tilleggsbilde
/Files/Images/festivaler/festivaler19/Tora-_GuriTranaas.jpg
Bildetekst
- Det er ein opplevelse berre å være her, seier Tora til Bluesnews. Her med to bandmedlemmer på spasertur utenfor Longyearbyen.
Bildekreditering
Guri Tranås